www.flickr.com

Jazzmenn vs. Secret Service

desember 11th, 2009  |  Published in Byen  |  1 Comment

På en skala fra en til ti: Hvor irritert har Svarthumle vært over alle politisperringene utenfor Nasjonal Jazzscene denne uken?

Responses

  1. Humla says:

    desember 11th, 2009 at 4:30 pm (#)

    Slett ikkje så irritert, faktisk. Det har vore langt mindre plagsomt enn ein skulle tru, men vi var jo godt forberedt, både praktisk og mentalt.

    Når det er sagt var det ein spesiell opplevelse å måtte ta t-banen for å komme meg frå kontoret på Egertorget til jazzscenen, 150 meter lenger opp i gata…. Det var heller ikkje heilt gjennomtenkt å ikle seg høstens desidert tyngste bakrus før eg gjekk på jobb. Lavtflygande militærhelikopter og hundrevis av entusiastiske og tungt væpna politifolk er ikkje berre bra for frynsete nerver.

    Alt i alt, og trass i den skandaløse tildelinga og dei mytomane dimensjonane rundt besøket, er det jo litt stas å få besøk frå den store verda. Eg registrer at ein del bloggarar på høgresida (Clemet, Vampus etc) irriterer seg over den nasegruse og ukritiske beundringa frå pressen og det politiske miljøet, og det er jo lett å sjå poenget og vere einig i at det er provinsielt og patetisk. Men samtidig skal du vere ganske blasert om du ikkje blir litt starstruck av å helse på verdens hersker. Viss du ikkje synes det er litt moro, er du rett og slett for kul for ditt eige beste og har vel høge forventningar til livet…

    Men irritert? Eg gjev det ein trear – mest fordi det var ein dårleg dag å vere fyllesjuk på.

Leave a Response